Verv tre og få t-skjorte!
Aktiv! » Reisebrev » Kollektivturneen har kome til Kristiansand

Kollektivturneen har kome til Kristiansand


Skrevet av: Mailiss Solheim. Publisert: 30.04.2010 Sist endret: 01.05.2010

1.mai nærmar seg og turneen har besøkt og erobra endå fleire Agder-byer iløpet av dei siste to dagane.

Det har etter mange mil med buss vorte 30.april, dag 4 av turneen. I går gjekk turen tidleg, tidleg om morgonen frå Arendal til Lillesand. Her møtte Lina og Mailiss 10.trinnet ved Lillesand Ungdomsskule. Elevane vart lett engasjerte og ville meir enn gjerne vere med på postkortaksjon, og ein del var interessert i å få vite meir om kva dei kan gjere for å løyse miljøproblema der dei bur. I ett-tida hasta jentene vidare med buss via Kristiansand og til Flekkefjord. Her var det duka for lokallagsmøte. Lokallaget la ein slagplan for tida framover og vil kjempe for eit betre kollektivtilbod, som så mange andre i Agder. Før dei avslutta tok dei også steget med å sende postkort til fylkesordføraren. Neste store hendig for Flekkefjord NU er aksjon 19.mai. Etter ein lang dag med foredrag, stand, busstur og møte, kom Lina og Mailiss tilslutt attende til Kristiansand. Her skulle dei møte to vener av vener, som dei skulle bu hos. Litt spent på kven det var, stod dei trippandes på rutebilstasjonen då nokre hyggelege kristiansandsfolk møtte dei og tok dei inn i husvarmen for natta.

Og så grydde dagen før dagen, 30.april. Glad og utkvilt heiv jentene på seg dei noko lettare ryggsekkane sine, og sette kursen mot Tangen Vidaregåande skule i Kristiansand. Her diska dei opp med ein flott stand, med både NU-plakatar, infohefter og postkortaksjon. Det viste seg at skulen var meir enn samde om kravet, dei hadde også sjølve starta ein aksjon der elevane teiknar ein buss som dei sender til fylkeskommunen. Og ikkje nok med at elevane ynskjer å få eit mykje betre kollektivtilbod, så var det mange positive miner til Natur og Ungdom, og opp til fleire som på strak fot tok skritte med å melde seg inn i Noreg sin einaste miljøvernorganisasjon for ungdom!

Etter vellykka besøk på tidenes mest fancy skule (med ovale lokaler, lysande vegger og mykje meir), retta jentene nasen mot klimahuset. Her vert det i skrivande augneblink gjort klart til 1.maifrokost og 1.maitog. Parolen Natur og Ungdom skal gå under i morgon er ”oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja”. Grunnane er mange for at oljeindustrien aldri skal få has på desse områda, og engasjementet rundt saken er stor. Natur og Ungdom har i lang tid arbeida med saken, og fleire og fleire viser at dei er samde. Turnélivet har vore flott, og vekas avslutning har vekt store forhåpningar. Dette vert slutten på turneen for Vest-Agder sin del, men på måndag drar Mailiss vidare til Grimstad og slår eit slag mot vegtrafikken i kommunen og gir 8.trinn på Grimstad ungdomsskule den kunnskapen og det engasjementet dei treng for å verta med på laget.

Siste pressemeldinger

Hva skjer?

Kalender

Om Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er en miljøvernorganisasjon for ungdom. Vi har over 7000 medlemmer fordelt på mer enn 80 lokallag over hele landet. Lokallagene i Natur og Ungdom jobber med miljøproblemene der de bor. Du kan bli medlem her