klikk for mer info!
Aktiv! » Reisebrev » Putsj paa Roskilde

Putsj paa Roskilde


Skrevet av: Mailiss Solheim. Publisert: 30.06.2010 Sist endret: 30.06.2010

For mange er sommar assosiert med festival. I år feirar Roskilde festivalen 40 år, og vi i Putsj er på plass for å dekke både steminig, musikk og miljøfokus.

Laurdag ettermiddag opna campområdet på Roskilde Festival, og som så mange år før var det ein riktig kamp om tilvêret før vi kunne slå opp teltet vårt. Alt dette etter ei noko strabasiøs reise mot destinasjonen. I år, som i fjor, gjekk vi oss litt vill - eller rettare sagt; taxien kjørte oss til feil plass, slik at vi måtte gå rundt heile festivalområdet for å få armbanda våre. Og ikkje berre det, vi fann raskt ut kvifor teltet vårt var så lett: teltstengene ligg att i Oslo. Til tross for dette har dei siste dagane flydd, med både sol og god stemning. 

Måndag spelte mellom anna Susanne Sundfjord og Kråkesølv opp til dans på ettermiddagen, og i morgon opnar sjølve festivalen. Putsj skal iløpet av dei neste dagane prate med bergensarane i Jon Olav Nilsen og Gjengen, og med støyrockarane i Serena Maneesh. I tillegg skal vi dele fleire konsertopplevingar frå den flotte line up-en med Putsj sine lesarar. 

Følg med på: www.putsj.origo.no for intervju, konsertmeldingar og andre oppdateringar frå Roskilde Festival 2010. 

Siste pressemeldinger

Hva skjer?

Kalender

Om Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er en miljøvernorganisasjon for ungdom. Vi har over 7000 medlemmer fordelt på mer enn 80 lokallag over hele landet. Lokallagene i Natur og Ungdom jobber med miljøproblemene der de bor. Du kan bli medlem her