Turneen er i gang!
Opprettet 2010-04-28 15:14:28 CEST.
Endeleg er veke 17 og tida for turné her. Regionsekretærane Lina Kristine og Mailiss er på plass i Agder og dag 1 er overstått.
Fyrste dag av kollektivturneen fann stad i Risør. Her møtte regionsekretærane Risør-ungdom og fekk dei engasjert i klimakampen. Det var mange som ynskte å vite meir om kva vi kan gjere for å senke klimagssutsleppa i kommunen, og svaret er enkelt: forbetre busstilbodet! I Risør står utsleppa frå vegtrafikken for 65 % av dei totaleutsleppa, noko som er ei auke på 30 % sidan 1991.
For å vise politikarane kva som er ein riktig miljøpolitikk får fylkesordføraren denne og neste veke ei rekke postkort frå kommuner i Aust-Agder, der ungdom krever eit betre busstilbod og månedskort til 200 kr.





