Energikvalitet
Del på Facebook
Del på Twitter
Skrevet av: Bjorn . Publisert: 01.01.2000 Sist endret: 15.12.2006
Energi kan ikkje produserast eller brukast opp, den kan berre skifte form.
Energi kan ikkje produserast eller brukast opp, den kan berre skifte form.
Energi finst i mange ulike former; som elektrisk energi i kraftleidningar, som mekanisk energi i olje og gass, som termisk energi i varme.
Dei ulike energiformene har ulik kvalitet. Elektrisitet er den mest verdifulle energiforma, for den kan brukast til alle energiføremål; til å skaffe lys, til å drive maskiner og til oppvarming. Elektrisitet er ei høgverdig energiform.
elektrisk energi
er det same som elektrisitet
er det same som kraft
er det same som straum
Varme er også energi, men den er lågverdig. Den kan brukast til oppvarming, men det er vanskeleg å fyre datamaskina på ved.
Når energi skifter form, misser den samstundes verdi. Når elektrisitet i ein panelomn vert gjort om til varme, kan den ikkje lenger utføre like mange oppgåver som før.
Det mest fornuftige er sjølvsagt å bruke lågverdig varmeenergi til oppvarming, og spare høgverdig elektrisk energi til meir krevjande oppgåver. Det har dei forstått og teke konsekvensen av i dei fleste land, men ikkje i Noreg. I Noreg vert nesten 70 prosent av oppvarmingsbehovet dekka med elektrisitet 1 . Dette tilsvarer 30 TWh, meir kraft enn det 10 gasskraftverk (av storleiken som er planlagd i Øygarden) kan produsere.
Dei aller fleste hus i Noreg er bygde med tanke på elektrisk oppvarming. Eit godt alternativ til panelomner, er vassborne varmesystem.
| 1 | Norges offentlige utredninger: NOU 1998:11 Energi- og kraftbalansen mot 2020, s. 207. |
Hva mener du? Diskuter dette temaet i forumet. Gå tilbake til energi.
