klikk for mer info!
Miljøsaker » Energi » Energisparing » Fakta om varmepumper

Fakta om varmepumper


Skrevet av: Bjorn . Publisert: 01.01.2000 Sist endret: 15.12.2006

Varmepumper kan frakte varme frå der det er kaldt til der det er varmt. Og med med ei varmepumpe treng du ikkje meir enn ein tredjedel av energien til oppvarming.

Varmepumper "bryt" naturlov
Spar miljø (og pengar)
Varmepumper — varme frå kvar til kvar?
Kven kan bruke varmepumpe?
Slik virker varmepumpen

 

Varmepumper bryt naturlov

Varmepumper kan frakte varme frå der det er kaldt til der det er varmt. Det kan virke som om dei bryt termodynamikkens andre hovudsetning; varme kan ikkje strøyme av seg sjølv frå ein stad med gjeven temperatur til ein stad med høgare temperatur. Men varmen strømyer ikkje av seg sjølv, varmepumpa hjelp han.

Varmepumper kan ved hjelp av elektrisitet "pumpe" varme med låg temperatur opp til ei temperatur som er høg nok til at den kan brukast til oppvarming. Den mest kjende varmepumpa er bakpå kjøleskåpet. Den hentar varme frå det kalde kjøleskåpet, og fører den ut på baksida, inn i ei varmt kjøken. Kjenn etter sjølv.

Varmepumper kan brukast til meir enn kjøleskåp. Dei eignar seg veldig godt til å varme opp hus med. Varmepumper hentar varme fra omgjevnadane eller frå overskotsvarme, og fører den over i eit vassbore varmesystem eller til å varme opp ventilasjonsluft inne i huset.

Når ein bruker elektrisitet til å drive ei varmepumpe, i staden for direkte i ein panelomn, er det vanleg å rekne at ein får tre til fire gonger så mykje varme ut av kvar kilowattime. Det betyr at ein bruker tre til fire gonger mindre straum på å varme opp huset.

I 1998 fanst det 22.000 varmepumper i Noreg, som produserte 4,5 TWh varme. Kvart år vert det installert 2500 nye varmepumper 1 . Potensialet for meir bruk av varmepumper er stort.

 

Spar miljø (og pengar)

I Noreg bruker vi kvart år ca 30 TWh elektrisitet til oppvarming 2 . Det er om lag ein fjerdedel av all straumen vi årleg bruker i Noreg (115 TWh) 3 . Vart det installert varmepumper i alle hus i Noreg, kunne vi ha spart over 20 TWh.

Hadde vi erstattet alle oljefyrte kjeler med varmepumper, ville vi kunne redusere norske CO2 utslepp med 3,8 millioner tonn årleg.

Med varmepumpe i huset vert straumrekninga lågare. Det tek vanlegvis 4-8 år før ein tener inn att det det kostar å kjøpe ei bustadvarmepumpe. Deretter kan ein spare 6-10.000 kroner i året 4 .

 

Varmepumper — varme frå kvar til kvar?

Varmepumper kan hente varme frå ulike stader; frå omgjevnadsvarme i uteluft, sjøvatn, berggrunn, grunnvatn, innsjøar, elvar og jord, eller frå overskotsvarme i industriprosessar, avtrekksluft, avlaupsvatn og kjøleanlegg.

Varmen kan fraktast rundt i vatn eller luft. Alt etter kvar varmen kjem frå, og korleis den vert ført vidare, får ulike varmepumper ulike namn; luft/luft-varmepumer, luft/vatn-varmepumper, væske/vatn-varmepumper o.s.v.

Luft-til-luft-varmepumper er dei enklaste å etterinstallere. Dei kan også køyrast "baklengs", og verte til air condition-anlegg på varme dagar. Effekten av luft-til-luft-varmepumper vert imidlertid dårleg på kalde dagar, og det er jo gjerne då ei har mest trong for oppvarming. På grunn av lavere investeringskostnader vil det allikevel løne seg for ein hustand og installere ein luft-til-luft varmepumpe.

Når ein hentar varme frå berggrunn, jord, grunnvatn, sjøvatn o.l., fraktar ei lukka røyrsløyfe med frostsikker væske inni varmen frå varmekjelda til varmepumpa som er montert i huset. I fjell og jord må det borast eller gravast hol til slynga. I sjøar, elvar o.l. kan slynga liggje med lodd på botnen.

 

Kven kan bruke varmepumpe?

Dei mest effektive varmepupene treng vassborne varmesystem. Det er ein omfattande jobb å installere slike. Å legge rør i alle golv bør verte gjort når huset vert bygd, når det skal pussast opp eller byggjast om.

I hus med oljefyring finst det allereie vassborne varmesystem. Oljekjelen kan bytast ut med ei varmepumpe.

Det er mykje enklare å intallere luft/luft-varmepumper, men dei sparar ikkje like mykje energi.

Ikkje berre bustader, men også større bygningar som yrkesbygg, hotell, skuler, symje- og idrettshallar kan varmast opp eller kjølast ned ved hjelp av varmepumper.

Varmepumper er også veleigna til mange oppgåver i industrien. Der kan dei nyttast til oppvarming av prosessvatn og tappevatn, til turking, inndamping, destillasjon og dampproduksjon. Her kan ein få opp til 20 gonger så mykje varme ut av kvar kWh ved å bruke varmepumpe i staden for elektrisiteten direkte 5 .

I yrkesbygg med mange maskinar og tekniske installasjonar er gjerne kjølebehovet stort om somaren. Eit varmepumpeanlegg for kombinert oppvarming og klimakjøling er da ei god løysing. Eit slikt anlegg kan kjøle bygningen om somaren og varme han på vinteren.

 

Slik virker varmepumpen 6 

I en varmepumpe sendes en spesiell gass, også kalt arbeidsmedium, gjennom en fordamper (lavtrykksløyfe) og en kondensator (høytrykksløyfe). Kondensatoren ligger inne i boligen, og her har gassen en mye høyere temperatur enn normal romtemperatur. Varmen fra gassen avgis til oppvarmingssystemet i huset og bidrar til romoppvarmingen. Trykket i gassen reduseres i det gassen går over til fordamperen ute (1), og da faller temperaturen på gassen kraftig. Gassen blir omdannet til væske pga lavt trykk og temperatur, og væsken holder en langt lavere temperatur enn omgivelsene ute. I fordamperen ute vil derfor varmepumpens arbeidsmedium bli varmet opp av gratis energi fra fjell, jord, vann eller luft, selv på en kald vinterdag.

Væsken får nå tilført så mye energi at den fordamper. Varmen overført fra omgivelsene lagres altså i arbeidsmediet i form av fordampingsvarme. Deretter suges gassen ved hjelp av en elektrisk drevet kompressor (2) fra fordamperen. Her komprimeres gassen, og trykket og temperaturen økes kraftig. Den komprimerte varme gassen skyves på ny inn i kondensatoren (3), hvor den lagrede energien overføres til bygningens oppvarmingssystem (5). Denne prosessen repeteres kontinuerlig.

Transporten og sammenpressingen krever i seg selv energi. Til dette brukes elektrisk strøm. En varmepumpe gir gjerne 3-4 ganger mer energi i form av varme i forhold til mengden elektrisk energi som kreves for å drive systemet.

 

1  Sintef Energiforskning og Institutt for klima og kuldeteknikk, NTNU, -storskala og i de tusen hjem.
2  NVEs byggoperatør Dr. ing. Ole-Gunnar Søgnen: Publikasjon 1:1998 Energifleksibilitet i bygningsmassen, s.5.
3  Norges vassdrags- og energidirektorat: Energifolderen 1998.
4  Oslo Energi Enøk AS: Enøk-guiden 98-99, s. 57.
5  Trude Tokke: Varmepumpe - en fornybar energikilde, SINTEF Energiforskning AS.
6  Opplysningskontoret for energi og miljø AS (Ofe): Varmepumper til boligoppvarming, november 1997.

Hva mener du? Diskuter dette temaet i forumet. Gå tilbake til energi.

Siste pressemeldinger

Hva skjer?

Kalender

Om Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er en miljøvernorganisasjon for ungdom. Vi har over 7000 medlemmer fordelt på mer enn 80 lokallag over hele landet. Lokallagene i Natur og Ungdom jobber med miljøproblemene der de bor. Du kan bli medlem her