Reisebrev frå Grimstad
Del på Facebook
Del på Twitter
Skrevet av: Mailiss Solheim. Publisert: 11.03.2010 Sist endret: 15.03.2010
Etter mykje om og men kom eg meg endeleg på miljøkampanje til Grimstad, denne flotte sørlandsbyen som har så mangt å by på.
Onsdag morgon stod eg opp lenge før hanen gol, og sette meg på fyrste buss mot Kristiansand. Ved lunsj-tider var eg vell frame i Grimstad og fekk tid til å ete nistepakka mi på ein benk i vårsola, før eg vart henta av ein lærar frå Holviga ungdomsskule. Denne onsdagen var det nemmeleg Holviga som skulle få besøk av Natur og Ungdom og høyre om klimanedringar og løysinga på problemet.
Heldigvis hadde eg god tid før eg skulle byrje foredraget, og det var endå godt, for eg fann raskt ut at PCen min ikkje var heilt samarbeidsvillig, og måtte klare meg utan powerpointpresentasjon. Dette kom ikkje som ei stor overrasking, då pcen har vore noko utilregneleg ei stund, og endå ikkje er heilt tilbake i form. Men til tross for at eg ikkje fekk vist eit flott powerpointshow, så gjekk fyrste forerdrag strålande. Elevane var engasjerte, og viste ei stor interesse for miljpørsmål og hadde gode idear for korleis vi skal klare å løyse miljøproblema. Slag i slag gjekk det, og snart var eg ferdig med alle mine tre forerag. Resultatet var mange engasjerte og interesserte ungdommar, og fleire som sa dei kanskje ville kome på informasjonsmøte i dag, og endå fleire som skreiv seg opp på info-lista for å få vite meir om NU via e-post. Ganske så nøgd slengte eg sekken på ryggen og veska over skuldera og takka for meg for denne gong, og traska ned til busstoppet. Bussturen skulle vise eg å verte ganske interessant og eksotisk. Fyrst vart eg tatt for å gå på Bibelskulen som ligg i nærleiken av Holviga skule, og like etterpå viste seg seg at om ein vil at bussen skal stoppe, så treng ein berre å skrike ut: "eg skal av her, eg skal av her", og så stoppar bussjåføren pliktoppfyllande og slepp av vedkommande som har ropt og ynskjer han eller ho ein riktig god dag.
No sit eg i det koselege huset til fylkesleiar Andrea Regine, og ventar på at eg skal reise av garde for å gå på infomøte på Grimstad bibliotek, der eg håpar at mange kule folk dukkar opp. Og eg har trua! Inntil vidare får eg leve i spenninga, og gler meg til tre nye foredrag på Drottningborg vidaregåande skule i morgon, før eg set kurset mot hovedstaden att.
Hva mener du? Diskuter dette temaet i forumet. Gå tilbake til energi.
