Bli fadder du og!
Miljøsaker » Klima » Klimapolitikk » Kvotehandel løyser ikkje klimaproblemet
Uttalelse fra Natur og Ungdoms landsmøte 2010:

Kvotehandel løyser ikkje klimaproblemet


Skrevet av: Håvard Lundberg. Publisert: 09.01.2010 Sist endret: 29.09.2011

Natur og Ungdom, samla til landsmøte i Fredrikstad 7. til 10. januar 2010, krev at Noreg set i gong den naudsynte omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Det held ikkje å kjøpe kvoter som utset denne nødvendige omleggjinga og i verste fall kan føre til at utsleppa ikkje reduserast i det heile.

Klimaendringane er farlege, urettferdige og allereie i gong. For å unngå dei mest dramatiske konsekvensane av klimaendringane, er det nødvendig med omfattande kutt både på kort og lang sikt. Det er dei rike landa som både har ansvar og moglegheit til å løyse klimakrisa. Natur og Ungdom tykkjer difor det er urovekkjande at den norske regjeringa ser ut til å meine at handel med klimakvotar er eit av dei viktigaste verkemidla Noreg skal bruke for å bidra til å kutte klimagassutslippa til verda. I København var Noreg blant landa som bidrog i positiv retning og som fremma mange gode standpunkt. At vi samtidig gjekk mot krava til fattige land om å avgrense kor stor del av klimakutta som skulle kunne tas gjennom kvotekjøp, er både pinleg og feigt.

Det er fleire grunnar til at dette er problematisk; vi kjem ikkje i gong med dei naudsynte strukturelle tiltaka som må til for å nå det nødvendige lågutsleppssamfunnet. Dagens kvotesystem har store manglar og forvissar ikkje om at utsleppskutta faktisk skjer som føresett, og vi risikerer at dei samla utsleppskutta blir for små.

Kvotehandel mellom land som har eit bindande tak for sine utslipp kan være eit av fleire virkemidler, men det kan aldri bli noen hovudstrategi. Det er ei føresetnad at taket for systemet er satt lavt nok til at det blir reelle kutt.

Ein stor del av norske kvotekjøp er planlagt gjort gjennom den grøne utviklingsmekanismen, såkalla CDM-kvoter. Dette inneber at rike land, som Noreg, betalar for klimakutt gjennom kvoter i utviklingsland. Med andre ord, rike land kuttar utslepp i utviklingsland og kan sjølv oppretthalde det uakseptable utsleppsnivået sitt. CDM-kvotene har møtt massiv kritikk, mellom anna fordi fleire av prosjekta som får tildelt klimakvoter truleg ville blitt sett i gong også utan kvoter, og fordi dei kan ha uakseptable konsekvensar for miljø og lokalsamfunn der tiltaka blir gjennomført. Det blir no diskutert å innføre eit liknande system for kvotehandel med vern av regnskog, noko som vil vere minst like problematisk som dagens CDM-system.

I verste fall kan kvotehandel med CDM og regnskog føre til auka utslepp: Klare krav til målbare kutt heime blir omgjort til teoretiske kutt i utlandet som er vanskelege å verifisere. Sjølv om ein fjernar alle utslepp i utviklingslanda, er vi framleis ikkje i nærleiken av å nå det nivået av utsleppskutt som sikrar at vi unngår dei mest dramatiske  klimaendringane. Likeeins er det ingen tvil om at det også vil vere naudsynt med klimatiltak i den fattige delen av verda, til dømes i land som India, Kina og andre raskt veksande økonomiar.

Det er dei rike landa som må betale for klimatiltak som skal gjennomførast i utviklingland. Dette vil krevje store pengeoverføringar, men dei må skje utan at det gjev dei rike landa mogelegheit til å auke sine utslepp. Overføring av pengar og teknologi frå rike land,er ein viktig del av det som må bli den nye internasjonale klimaavtala.

Trusselen om dramatiske klimaendringar krev dramatiske tiltak. Noreg har som eit rikt, storforureinande og oljeproduserande land eit særleg ansvar for å kutte utsleppa våre massivt. Dagens internasjonale kvotehandel og spesielt CDM-mekanismen fungerer ikkje hensiktsmessig som klimatiltak. Natur og Ungdom krev at Noreg tek store utsleppskutt på heimebane både på kort og lang sikt og at vi i tillegg bidreg til store pengeoverføringar til dei fattigaste landa.

Hva mener du? Diskuter dette temaet i forumet. Gå tilbake til klima.

Siste pressemeldinger

Hva skjer?

Kalender

Om Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er en miljøvernorganisasjon for ungdom. Vi har over 7000 medlemmer fordelt på mer enn 80 lokallag over hele landet. Lokallagene i Natur og Ungdom jobber med miljøproblemene der de bor. Du kan bli medlem her