Bli fadder du og!
Miljøsaker » Naturvern » Planter og dyr » Saman mot fjorddeponi

Saman mot fjorddeponi

Inger Fure Grøtting, fylkesleder i Sogn og Fjordane Natur og Ungdom

Inger Fure Grøtting, fylkesleder i Sogn og Fjordane Natur og Ungdom. Stor versjon.


Skrevet av: Ane Marte Rognskog. Publisert: 22.07.2010 Sist endret: 23.07.2010

Changemaker, Sosialistisk Ungdom, Kristelig Folkepartis Ungdom og Unge Venstre advarar saman med Natur og Ungdom sterkt mot planane om gruvedrift og fjorddeponi i den nasjonale laksefjorden Førdefjorden. No krevjer dei at Klima- og forurensingsdirekturatet (Klif) avviser Nordic Mining sin søknad.

Nordic Mining har søkt om å få løyve til å utvinne mineralet rutil frå Engebøfjellet i bygda Vevring i Naustdal kommune, og dumpe den resterande steinmassen i den nasjonale laksefjorden Førdefjorden. Dette skremmer ungdomsorganisasjonane i Sogn og Fjordane, som krevjer at Klif avviser søknaden og ikkje gir selskapet løyve til planane.

Det er skremmande å sjå kva selskapet faktisk planlegger. Ikkje berre er Førdefjorden ein nasjonal laksefjord oppretta for å ta vare på villaksen. Det finst óg fleire utrydningstruga artar i fjorden, som vil kunne komme til å bli negativt påverka av eit eventuellt fjorddeponi, seier Albert Andersen Øydvin, fylkesleiar i Sosialistisk Ungdom. – Mellom anna finn vi Førdefjorden sin viktigaste gyte- og oppvekstområde for den utrydningstruga kysttorsken like i nærleiken av det planlagde fjorddeponiet.

Havforskningsinstituttet har fleire gongar tidelegare påpeikt at dumping av steinmasse i Førdefjorden vil kunne påverke heile økosystemet, noko som kan føre til at livet på botnen døyr ut. Ungdomsorganisasjonane fryktar at eit eventuellt løyve vil kunne føre til ei miljøkatastrofe for naturverdiane i og rundt Førdefjorden.

Dersom det blir gitt løyve til rutilutvinning og dumping av steinmasse i Førdefjorden, vil det bli dumpa inntil 570 tonn steinstøv og kjemikalier kvar time dagleg i 50 år framover. Det kan vi ikkje akseptere. Denne søknaden må blankt avvisast frå Klif, seier Inger Fure Grøtting, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Natur og Ungdom.

Hva mener du? Diskuter dette temaet i forumet. Gå tilbake til naturvern.

Siste pressemeldinger

Hva skjer?

Kalender

Om Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er en miljøvernorganisasjon for ungdom. Vi har over 7000 medlemmer fordelt på mer enn 80 lokallag over hele landet. Lokallagene i Natur og Ungdom jobber med miljøproblemene der de bor. Du kan bli medlem her