Opprusting av gamle vasskraftverk
Del på Facebook
Del på Twitter
Skrevet av: Bjorn . Publisert: 01.01.2000 Sist endret: 15.12.2006
Ved å ruste opp gamle vasskraftverk kan Noreg produsere minst 1 TWh meir vasskraft enn det vi gjer i dag.
Ved å ruste opp gamle vasskraftverk kan Noreg produsere minst 1 TWh meir vasskraft enn det vi gjer i dag.
Opprusting av vasskraftverk skjer mellom vassinntaket som fører vatn inn i kraftverket og avlaupet der vatnet renn ut att i vassdraget. Døme på opprustingstiltak er modernisering og automatisering av kraftverk og utviding av røra som fører vatnet inn til turbinen som produserer kraft (utviding av tverrsnitta i vassvegane). Slike tiltak har små miljøkonseskvensar.
Nye studiar utførte av Statkraft Engineering tyder på at potensialet knytta til opprusting av vasskraftverk kan vere endå større, kan hende heilt opp i mot 4,5 TWh. Det største potensialet i utrekningane deira er knytt til betre turbinar i kraftverka.
Det er viktig å skilje opprusting av vasskraftverk frå utviding av vasskraftverk. Å utvide vasskraftverk kan mellom anna innebere nye magasin eller nye overføringar, noko som kan ha like store miljøkonsekvensar som heilt nye vasskraftutbyggingar.
| 1 | Norges offentlige utredninger: NOU 1998:11 Energi- og kraftbalansen mot 2020, s. 229-231. |
Hva mener du? Diskuter dette temaet i forumet. Gå tilbake til naturvern.
