Bygg høgfartstog no!
Skrevet av: Håvard Lundberg. Publisert: 09.01.2010 Sist endret: 09.01.2010
Natur og Ungdom, samla til landsmøte i Fredrikstad 7.-10. januar 2010, krev at regjeringa no satsar aktivt på høgfartstog. Alle miljøtenelege høgfarts-prosjekt og heile Intercity-nettet må byggjast ut for minst 250 km/t som ein del av eit nasjonalt høgfartsnett for langdistanse-, regional- og godstrafikk etter eit fleirbrukskonsept. Stortinget har bede om ei slik satsing på høgfartstog fleire gonger. No må regjeringa følgje opp slik at første bane kan stå ferdig i 2020!
Samferdslesektoren står for ein tredel av det totale utsleppet av CO2 i Noreg, og aukar stadig. Etter klimatoppmøtet i København i desember er det minst like viktig som før at Noreg kuttar utsleppa sine med minst 40 prosent. For å kome fram til dette er det viktig å kutte i vegtransporten, ved å flytte person- og tungtransport over frå veg til bane. Høgfartstog vil òg redusere utslepp frå flytransporten.
Noreg har høgast flytrafikk pr. innbyggjar i Europa. Nordmenn flyg om lag 10 gongar meir enn folk i Tyskland. Mellom Oslo og Bergen, Oslo og Trondheim og Oslo og Haugesund/Stavanger går det over 30 fly i kvar retning pr. dag. For alle landfaste strekningar i Europa med same flytrafikk er det gjort vedtak om høgfartsbaner, eller ein er alt i gang med å byggje dei. Internasjonal røynsle syner at folk vel tog framfor fly når reisetidene er 2 ½ time eller kortare.
Med fart på 270 – 300 km/t er det mogleg å nå fram på 2 ½ time med fleire stopp undervegs mellom Oslo og alle stadar frå Trondheim og sørover. Overførd flytrafikk gjev grunnlag for eit høgfrekvent høgfartstilbod med fleire avgangar pr. time. Slik kan ein binde saman store delar av Noreg på ein effektiv og miljøvenleg måte. Dobbeltspor med høgfartsstandard i intercity-området er første steg i eit nasjonalt høgfartsnett. Regjeringa må difor framskunde bygginga av dobbeltspor i dette området, og sørgje for at dei held tilstrekkeleg standard.
Godstog på moderne høgfartsbaner med slake stigingar kan ta mest dobbelt så mykje last som på eldre banar, like mykje som om lag 75 gjennomsnittleg lasta trailarar. Med 13 meter bredde brukar ein dobbeltspora høgfartsbane og langt mindre areal enn firefelts motorvegar. Andre positive tilleggseffektar er færre ulykker og mindre støy.
I høve til resten av Europa ligg Noreg langt bak. Spania aleine skal investere 1000 mrd.
kroner i høgfartsbaner fram til 2020. Når det gjeld miljøvern og klimatrugsmålet er Noreg og statsministeren stor i ord. Natur og ungdom ynskjer handling langs eit framtidsretta spor. Tida for utgreiingar er over. Bygg høgfartstog no! Lat første bane stå ferdig i 2020!
Hva mener du? Diskuter dette temaet i forumet. Gå tilbake til samferdsel.