Gå til innhold
Kom på årsmøtet!

Årsmøte i Akershus, Buskerud og Østfold NU

Natur og Ungdom < Arrangement < Årsmøte i Akershus, Buskerud og Østfold NU

Velkommen til årsmøte i Akershus, Buskerud og Østfold NU (ABØ NU)!

Året er snart omme, og vi må planlegge det neste.

Fylkesstyret i ABØ NU inviterer til årsmøte, sundag 17. november, klokka 12-17. Møtet blir på Oslo NU sitt kontor i Akersgata 41, Oslo.

Kva skal fylkeslaget for storfylket jobbe med? Kven skal sitte i fylkesstyret? Kva skal dei sprenge? Kven skal dei fotfølge? Alt dette må vi finne ut, på årsmøtet til ABØ NU, og du er invitert.

På årsmøte skal fylket velje eit nytt styre. Fylkesstyret jobbar med saker for heile fylket, politisk og organisatorisk. Tidlegare har dei arrangert m.a. seminar for medlema i fylket, aksjon mot botntrål i Oslofjorden og møte med ungdomspartia om miljøpolitikk. Det er opp til styret sjølv kor ofte dei vil ha møte, og kor mykje dei vil gjere. Vanlegvis er det fylkesstyremøte 1-2 ettermiddagar i månaden, fysisk eller digitalt. Du kan sitje i styret om du er gamalt eller nytt medlem, i lokallag eller ikkje. Alle erfaringar er nyttige!

Har du lyst til å sitje i fylkesstyret? Ta kontakt med Agnes (980 82 182), Leon (906 60 836) eller Margrethe (462 99 606)!

I tillegg til årsmøte, er det landsmøteførebuande møte same dag. Har du tenkt deg på landsmøtet i januar? Da er det lurt å vere i Oslo 17. november! Her skal fylkeslaget saman gå gjennom sakspapirane til landsmøte, og t.d. finne ut om vi vil stille felles forslag.

Og så blir det sjølvsagt mat, snacks og god stemning!

 

Alle medlem i fylket får formell innkalling og sakspapir på e-post. Sakspapira vil og bli lagt ut på denne sida.

Meld deg på!

Meld deg på, så veit vi kor mykje mat vi skal ha:)

Margrethe Lahnstein

Regionsekretær for Agder, Akershus og Finnmark
462 99 606

Leon Engen Blom

Regionssekretær for Møre og Romsdal, Nordland og Buskerud
906 60 836

Agnes Mathilde Granli Lægreid

Regionssekretær for Rogaland, Trøndelag og Østfold
980 82 182