Årsmøte i Rogaland NU
Velkommen til årsmøte i Rogaland NU!
Det er duka for årsmøte i Rogaland Natur og Ungdom, laurdag 3. november. Alle medlem i fylket er invitert, og det er sjølvsagt heilt gratis!
På årsmøtet skal vi finne ut kva fylkeslaget skal jobbe med det komande året. Skal Rogaland NU jobbe for å få fleire lokallag, mindre motorveg, ein rettferdig omstilling frå åljå og alt det der? Skal dei sprenge noko? Dette er det opp til årsmøtet å bestemme.
Årsmøtet veljer og fylkesstyret for neste år. Fylkesstyret kan hjelpe til med å starte nye lokallag i fylket, og jobbe politisk og organisatorisk med heile regionen. Dei bestemmer sjølv kor ofte dei vil møtast, og kor mykje dei vil gjere. Du kan vere med i fylkesstyret om du er ny eller gamal i NU, med eller utan lokallagserfaring.
Vil du stille til fylkesstyret, eller høyre meir om det? Ta kontakt med Ada (40672880) eller Agnes (98082182)!
Denne sida vil bli oppdatert med saksliste, tid og stad.
Jobber med hav. Følger opp Rogaland NU og Landbruksutvalget.