Gå til innhold
Foto: Roar Stokdal, https://www.miljolare.no/data/ut/album/?al_id=2258

Hyttetur&årsmøte med Trøndelag NU

Natur og Ungdom < Arrangement < Hyttetur&årsmøte med Trøndelag NU

Frå fredag til sundag arrangerer Trondheim NU hyttetur for alle NU´are i Trøndelag.

Hyttetur 29. november - 1. desember

Meld deg på her: https://forms.office.com/e/RfhutFrqQi

I løpet av helga skal vi gå på tur i skogen med ein kompetent skogambassadør, ha årsmøte i Trøndelag NU, førebu oss til landsmøtet, ete god mat, spele brettspel og ha det hyggeleg!

Vi skal vere på hytta til Inga i lokallaget, som ligg nær Jonsvatnet. Dit er det god bussforbinding, å reise frå Trondheim S til hytta tar om lag ein halvtime.

Møt opp på Trondheim S klokka 18, så reiser vi saman:)

 

På denne sida finn du det du treng av praktisk informasjon om hytteturen. Er det likevel noko du lurer på? Ta kontakt!

  • Sovepose
  • Liggeunderlag
  • Klede (gjerne ull:))
  • Ullsokkar eller tøfler
  • Utetøy (vi skal på tur!)
  • Termos/drikkeflaske/matboks
  • Tannbørste og sånt
  • Badedrakt til snøbading, om du vil + handduk
  • Brettspel, om du vil
  • Notatbok + penn

Vi tar bussen saman opp til hytta på fredag. Møt opp utafor Trondheim S klokka 18. Natur og Ungdom betaler bussbilletten.

Frå busstoppet er det om lag eit kvarter å gå til hytta, så ikkje pakk meir enn du kan bere!

Fredag

18:00 – Felles reise frå Trondheim S.

19:00 – Middag

Kvelden – Sosialt/kva er NU?

 

Laurdag

09:00 – Frukost

10:00 – Kva er landsmøtet? + debattbolk!

12:00 – Lunsj

13:00 – Fylkesårsmøte

18:00 – Middag

Kvelden – Sosialt

 

Sundag

09:00 – Frukost (smøre matpakke)

10:00 – På tur!

14:00 – Hente ting på hytta

15:00 – I Trondheim

På laurdag er det årsmøte i Trondheim NU!

 

Der skal fylkeslaget finne ut kva dei vil jobbe med i 2025, og velje eit nytt fylkesstyre.

 

Alle som er medlem av Natur og Ungdom og bur i trøndelag kan kome på møtet, og skal ha fått innkallinga på e-post.

 

Årsmøtet er ein del av programmet på hytteturen, men det går an å delta på det utan å vere med på heile hytteturen. Du kan og vere med på møtet digitalt.

Årsmøtet byrjar klokka 13, og varer til rundt klokka 16.

   

  1. Godkjenning av innkalling
  2. Årsmelding
  3. Vedtekter
  4. Strategiar
  5. Godkjenne rekneskap
  6. Budsjett
  7. Val
  8. Eventuelt

Årsmøtet skal velje eit nytt fylkesstyre. Fylkesstyret er eit slags bindeledd mellom lokallaga i fylket, og kan jobbe på eit meir regionalt nivå. Styret har møter så ofte dei vil, enten digitalt eller fysisk. Kvart fylke er og representert med ein representant i Natur og Ungdom sitt landsstyre. Landsstyret har møte seks gongar i året, og bestemmer ting mellom landsmøta.

Valkomiteen (Joni og Agnes) innstiller på fylkesstyre for 2025, landsstyrerepresentant og protokollkomité. Frist for å stille til ein av disse plassane er onsdag 27. november.

Har du lyst til å stille til fylkesstyret, eller vite meir om kva det er? Ta kontakt!

Hytteturen, og alle andre arrangement i regi av Natur og Ungdom, er rusfri. Dette er alle deltakarar informert om. Om nokon likevel bryt denne regelen, vil dei bli sendt heim på eiga rekning.

Det kjem til å vere to myndige personar frå NU-kontoret med på turen, Joni frå sentralstyret og Agnes som er regionsekretær. Skulle det vere noko, kan du ta kontakt med ein av dei, til alle tider på døgnet.

Hytta vi skal vere på ligg på ein lett framkommeleg plass. Om nokon må reise tidlegare, går det an. Men ingen skal reise utan å ha sagt ifrå først.

Meld deg på!

Meld deg på før 27. november!

Joni Fagerheim Lundevall

Sentralstyremedlem
401 72 666

Fagansvarlig for omstilling. Følger opp Trøndelag NU og Samferdselsutvalget.

Agnes Mathilde Granli Lægreid

Regionssekretær for Rogaland, Trøndelag og Østfold
980 82 182