Sommarleir 2026

22. til 26. juni
Vestlandet
Maleri av Hardangerfjorden

Sommarleir, årets høgdepunkt

Velkomen til NU sommarleir 2026! I år tek vi turen til den idylliske nasjonalparklandsbyen Jondal i Hardanger 22. til 26. juni.

Her, i spagaten mellom flotte Folgefonna og den magiske Hardangerfjorden, vil du få oppleve det beste sommaren har å tilby!

Vil du lage ditt eiget NU-merch? Padle kajakk? Lære og lage din eigen brus?Dra på tur i skogen og lære om kvifor skogbrann kan vere bra, eller besøke lokale bedrifter midt i smørauget av den grøne omstillinga? Her i Hardanger kan du vinne fotballturneringa, dra på konsert, og bli godt kjent med detaljane rundt miljøpolitkken i Noreg. Bli med å bade og sole deg ved fjorden, framføre favorittsongen din på open scene, og bli kjent med dei kjekkaste ungdommane frå heile landet!

Her under årets høgdepunkt, og saman skal vi skape politisk historie på leiren. På sommarleir blir det eit variert program, for båe dei ny til miljøpolitikk og dei med lang fartstid. Sommarleiren skal ikkje berre vere stappfull av fagleg og poltisk innhald, men og mykje kjekt, praktisk, og sosialt

Med ein påmeldingsavgift på berre 250kr og gratis mat, overnatting, og reise frå og til heile landet, blir dette sommarens høgdepunkt.

Meld deg på i dag og få opplevd din eigen brudeferd i Hardangerfjorden.

Viktig info:

Skal du sove i telt: Hugs å ta med telt, sovepose, og liggjeunderlag. Mangler du noko av dette, ta kontakt med brageu@nu.no

Har du skrevet i påmeldingen eller snakka med oss om å få soveplass: Ta med laken og sengetøy

Informasjon om felles reise til Jondal kjem fortlaupande.

Praktisk informasjon

Relevante dokumenter

Les gjennom retningslinjer for reisedekning før du melder deg på. Om du har nokre spørsmål kan du ta kontakt med din regionssekretær

Spørsmål om sommarleir? Berre ta kontakt!

Brage smiler foran murvegg.

Brage Bøe Ulstein

Sentralstyremedlem

Lovise smiler foran murvegg

Lovise Tokle Rannekleiv

Sentralstyremedlem

person smiler foran vegg

Mirijam Goepel

Sentralstyremedlem

Iver smiler forran en murvegg

Iver Strømsvold

Regionssekretær

Bileter frå tidlegare sommarleirar

Sjå fleire bileter på flickr-en vår!

Flickr
Glade ungdommer i sommarsola
Ungdom i dansehumør
Bilete av eit foredrag
Sliketrykkurs
Leik i sommarsola
Bilete av teltplass
Publikum som ser på konsert
Heiagjeng som ser på fotballturneringa
Instruktør som viser klatreknuter
Fornøgd publikum