Vårkonferanse 2026

Årets vårkonferanse
I år tek alle Noregs unge miljøaktivister turen til ein gard i Telemark. Skal du og kanskje bli med? Årets tema er noko vi alle har kjennskapp til. Vi skal nemleg få gå i djubda på ein heit og betent sak: skog!
Det blir turar i skog og mark, innføring i kva som truar skogen og opplæring i korleis du kan verne din lokale eventyrskog. Ikkje minst blir det masse morro og sosialt.
Om du er medlem av Natur og Ungdom vil du få dekkja reise. Så bruk gjerne anledninga til å melde deg inn i Noregs største miljøorganisasjon for unge (frist for å få dekkja reise er 1. mai, når påmeldingsfristen også går).
Ein får høyre perspektiva frå næringa, skogeigare, naturververnarar som har stoppa nedhogginga av skogen sin, og kva biologar og forskarar meiner om saka. Når du reiser tilbake på sundag skal du ha ein god forsåiing av korleis skogbruk kan bli betre, og kva du kan gjere for å få det til.
Så kva er eigentleg plukkhogst og flathogst, meldeplikt, og forskjellen på ein gammal og ung skog? Den beste måten å finne ut av det samtidig som du blir kjent med folk frå heile landet, er å melde seg på med lenka under!
Follsjåskogen
Denne våren reiser vi til Follsjåskogen kor vi finn eventyrleg vakker, men også øydelagt skog. Her er det furutrær som har stått i mange hundrevis av år, som minner om kjemper og troll. Skogtypen er sjeldan og i området er det registrert mange raudlista arter, med likevel er det mange av skogeigarane som har drevet flatehogst i den viktige naturen. Difor legg vi konferansen her for å vise at vi ikkje aksepterer at denne naturen forsvinn. Du kan lese meir om Follsjå-saka her:

Bolkesjø Gård
Bolkesjø Gård er ein historisk fjellgard ved foten av Blefjell i Telemark. Her finner du Årestua – eit av Norges eldste bolighus fra 1200‑tallet. Garden er omgitt av skogar og innsjøar, med flott utsikt, turstier og gode moglegheiter for fiske, bading og alt kva skogen kan by på. Det har panoramautsikt over Telemarksfjella og er omgitt av jorder, skog og vatn og fjell. Eit møte mellom kulturarv, komfort og natur.

Praktisk informasjon
Relevante retningslinjer
Les gjennom retningslinjer for reisedekning før du bestiller reise. Om du har nokre spørsmål, kan du ta kontakt med regionssekretær eller Brage
Skjema for reiserefusjon
Lurer du på noko?
Dette er gruppa som er ansvarleg for Vårseminar 2026



