Ei stor gruppe mennesker med banner og skilt for ein levande Førdefjord
Hav
Sjødeponi

Fest for ein levande Førdefjord

Kva gjer Natur og Ungdom når Nordic Mining inviterer til feiring av eit gruveprosjekt som vil gravlegge Førdefjorden i gruveslam? Jo, dei lagar ein mykje betre fest, for ein levande Førdefjord!

Markering utanfor anlegget

Nær seksti naturvernarar frå fjern og nær møtte opp, tidleg om morgonen, for å rope, synge og halde appellar om Førdefjorden. Aksjonistane gjorde seg synlege i båtar og flytedraktar på vatnet, og med banner og skilt på land.

Torsdag 22. mai var nasjonale og lokale politikarar inviterte til anlegget til Nordic Mining på Engebø, for å klippe snor, sjå på prosessanlegget og den nye reklamefilmen til selskapet.

I invitasjonen fronta dei prosjektet som bærekraftig og framtidsretta, og skreiv om mineralproduksjonen som ein viktig del av det grøne skiftet, og som noko som vil trygge Europa og Noreg i usikre tider.

På utsida av gjerdet sto dei som veit at det aldri kan bli bærekraftig å deponere 170 millionar tonn gruveafall i Førdefjorden, og at titandioksidet som skal framstillast av rutilet frå Engebøfjellet skal brukast til kvitt pigment, som korkje er kritisk for det grøne skiftet eller å skape fred.

Stortingspolitikar Sofie Marhaug var invitert til Nordic Mining, men valde å møte opp hos Natur og Ungdom i staden.

sofie i redningsvest
Sofie Marhaug i flytedrakt Vi i Raudt står saman med Natur og Ungdom i deira krav, Førdefjorden er ikkje ein plass ein kan kaste bosset sitt. Dette er heimen til trua artar, og det er ein del av heile livsgrunnlaget vårt. Difor står vi saman med miljørørsla og held fram med å jobbe for reine og levande norske fjordar. Det er ein essensiell del av vår jobb som politikarar og som parti.
Sofie Marhaug

Sigrid held appell
Aksjonistar på vatnet

Fest for fjorden

Laurdag kunne kven som helst kome til Engebø for å sjå på prosessanlegget.

Men dei kom seg ikkje dit utan å merke motstanden: langs vegen stod fjordfolk med antidumpingsskilt, for å minne om at Engebøprosjektet ikkje er ei solskinnshistorie, men ein potensiell dødsdom for den reinaste fjorden på Vestlandet.

Ein gjeng aksjonistar gjekk inn på festen, med teikningar av daude fiskar heva over hovuda. Dette er framtida Nordic Mining feirar!

folk med teikning av daud fisk
jenter med oddvar torsheim-banner

Seinare på dagen var alle som ville feire fjorden inviterte til Myraløa i Vevring, der NU-leiar Sigrid heldt foredrag om fjordsøksmålet, vi fekk høyre frå Desibel, verdas støste lydhorn, det var allsang, og mange som har kjempa denne kampen i fleire tiår fortalte om korleis det har vore. Vi åt fiskesuppe og is, og fekk konsertar frå banda Sliteneliten og Mikkel Rev.

Målet for festen var å vise at vi er mange som framleis kjempar for Førdefjorden, og at vi ikkje har planar om å gje oss før fjorden er berga. For vi har rett, naturen skal seire, og ingen skal få lov å dumpe i Førdefjorden!

foredrag
Atle Kirkebø
Erik Solheim
ute på festen
krittteikning
Stagedive
konsert, mikkel rev
konsert, sliteneliten