Aksjonistar som sit rundt eit bord utafor eit kontorbygg.

Internasjonale aksjonar mot Hartree Partners

Selskapet Hartree Partners er hovudinvestor i Nussirgruva, og har avtale om å kjøpe koparet når produksjonen startar. Hartree ønsker å gi inntrykk av at dei er eit grønt, framsynt investeringsselskap. Med aksjonar på tre kontinent vil vi fortelje dei at å investere i sjødeponi i Repparfjord er alt anna enn berekrafig!

Vi krev eit møte

I månadsvis har vi prøvd å komme i kontakt med Hartree Partners, utan hell.

På nettsida si skriv selskapet at "our integrity, our fairness and our ethics set us apart". Vi vil gjerne sjå litt av den integriteten og etikken, og forventar at dei svarer oss og trekk seg ut av Nussirgruva.

Vi vil fortelje Hartree Partners at prosjektet dei finansierer ikkje er berekraftig. Nussirgruva vil deponere millionar av tonn med gruveavfall i Repparfjord og skade livet i fjorden, og livsgrunnlaget til dei som lev rundt den.

Det kan verke som den einaste måten å komme i kontakt med selskapet er å møte opp på kontoret deira.

Hartree Partners har kontor over heile verda. Torsdag 26. februar møtte miljøvernarar og urfolksaktivistar opp utan for dei lokale kontora i London, Genève, Hamburg, Melbourne, New York og Oslo.

Kravet bak aksjonane er at Hartree Partners må trekke seg ut av Nussirgruva ved Repparfjord.

Robåtar i Oslofjorden, med eit banner mellom der det står "Forby sjødeponi!".

Underskriftskampanje

Fredag 27. februar leverte aksjonistane i Oslo over 20.000 underskrifter til Hartree Partners.

Dei 20.000 menneska som hadde signert, krev at Hartree Partners skal trekke seg ut av Repparfjordprosjektet.

Vil du også skrive under på kravet?

Vi kjem til å bruke underskriftskampanjen vidare i kampen for Repparfjord.

Europeiske aksjonar

Bilde frå aksjonane i Hamburg, London og Geneve.

fire aksjonistar i hamburg
ei gruppe aktivistar i London
gruppe med aktivistar i geneve
isak leverer eit brev i geneve

Har du spørsmål om aksjonen, eller vegen vidare?

Brage smiler foran murvegg.

Brage Bøe Ulstein

Sentralstyremedlem

Helene smiler foran en murvegg

Helene Sofie Smit

Sentralstyremedlem

Kornelia med solbriller

Kornelia Elise Kristensen

Sentralstyremedlem

Ada smiler foran en murvegg

Ada Amilia Skjensvold

Nestleder