Bilete av lenkeaksjonister oppå ein gravemaskin i Vevring under Førdefjordsaksjonane

Siger for Fjordsøksmålet i Høgsterett!

Kampen for Førdefjorden har vore pågåande i 18 år, og det er over fire år sidan NU og Naturvernsforbundet varsla søksmål mot staten. Saka har vore gjennom fleire rettsinstanser og vi har no fått den endelege dommen frå øvste domstolen i Noreg. Les meir om detaljane rundt saka, kva du kan gjere vidare for saka, og korleis du kan feire her.

Siger for fjorden!

Vi har vunnet i høgsterett! Etter ein 18 år lang kamp, fleire generasjonar med NUarar, har vi endeleg fått to streker under svaret: sjødeponiet i Førdefjorden er ulovleg!

Løyva til Nordic Mining som gjer at dei kan dumpe gruveavfall i Førdefjorden er dømt ulovleg av øvste av dei øvste dommarane i Noreg i Høgsterett. Dette byrja med at etter sivil ulydnadsaksjonane i Vevring

Når vi får slike sigre er det er ein ting som er viktigare enn anna, og det er å feire! Derfor ligg det nokre forslag om korleis du og lokallaget ditt kan feire denne historiske dommen litt lenger nede på sida.

Lag kake, kjøp brus og inviter alle saman. NU spantar!

To aktivister på ein grushaug under Førdefjordaksjonane
Aktivister på ein anleggsmaskin under Førdefjordaksjonane
Aktivist som blir bore bort frå ein anleggsmaskin under Førdefjordsaksjonane

Ein historisk dom

Kjernespørsmålet i saka er grunngjevninga for å gje gruveselskapet løyva til å deponere gruveavfallet i Førdefjorden. Miljøorganisasjonane krev at løyva til drift og dumping av gruveavfall i fjorden blir erkjent ugyldege. I utsleppsløyva frå 2016 var hovedgrunngjevinga omsynet til fortening for eigare og tilsette, samt skatteinntekter til det offentlege. Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har heile vegen meint at dette bryt med EUs vassdirektiv, og oppført at det krevast langt meir for å kunne tillate forurensning av ein fjord. Ifølgje vassdirektivets artikkel 4, som er gjennomført i vassforskriftens paragraf 12, skal tiltaket vere av overordna viktigheit for samfunnet("overriding public interest").

Miljøorganisasjonane har helie tiden ment at statens tolkning er feil. I mars 2025 kom en rådgjevende fråsegn frå EFTA-domstolen. Den slo fast at økonomiske omsyn ikkje er nok til å tillate forurensning av ein fjord. EFTA-domstolen har konsekvent omsatt "overriding public interest" til "tvingende allmenne omsyn" i den norske omsetjinga av dommen.

Ein siger i Høyesterett har stor betydning og utover Førdefjorden. Saman med EFTA-domstolens rådgjevende fråsegn vil den gje presedens for alle saker om forurensning av fjordar, elver og vatn i Noreg og i alle land som har ratifisert EUs vassdirektiv. Det betyr at saken vil kunne få betydning for forvaltningen av dei meir ein 160 000 vassressursene i EU og EFTA-landa.

Bilete av Sigrid Hoddevik Losnegård, leiar i Natur og Ungdom
Dette er ein av dei største miljøsigrane i norsk historie – ikkje berre for Førdefjorden, men og for alle andre fjordar, elver og vatn.
Sigrid Hoddevik Losnegård, leiar i Natur og Ungdom

Førdefjorden

Førdefjorden er rekna som ein av dei mest artsrike fjordane på heile Vestlandet, fire lakseførande vassdrag renn ut i fjorden og mange raudlista artar bur her. Sårbare artar er verdt å verne om i seg sjølv, men den rike fjorden er og viktig for lokalbefolkninga som har livnært seg med sjømat i tusenvis av år. I denne same fjorden har staten gitt gruveselskapet Nordic Mining løyve til å dumpe 170 millioner tonn giftig gruveslam.

Kjapt tilbakeblikk

I 2007 fekk gruveselskapet Nordic Mining rett på mineralene i Engebøfjellet i Sunnfjord kommune. Sidan då har Natur og Ungdom, saman med Naturvernforbundet og lokale eldsjeler, jobba for å stanse den naturøydeleggjande gruva.

Vi har aksjonert, møtt politikarar, sendt inn innspill, skrive innlegg, arrangert debattar, møter og leirar. Nordic Mining har starta gruva og driv no opent dagbrot på Engebøfjellet. Planen er å sprenge av 50 meter av toppen på fjellet som er 300 meter høgt for så å sprenge seg innover i gruveganger. Dette vil resultere i enorme mengder gruveslam som dei dumpar i den sprell levande fjorden.

Ressurser

Under her er lenka til:

  • La NU ta rekninga for feiringa! Under her ligg informasjon om korleis du kan kan be om penga tilbake for alle kakeingrediensane og brusen du kjøpte. Berre hugs å ta vare på kvitteringa!
  • Lyst å gjere meir? Send inn eit leserinnlegg til lokalavisa, eller publiser det sjølv på stadar som Facebook. Bruk malen vi har laga, eller ikkje bruk han. Berre skriv eit leserinnlegg!
  • Sjølve dommen frå Høgsterett.

Pressemelding

Avisartikler om saka

Ikkje omfattande!

Andre kakeoppskrifter

Kvæfjordkake

  • 150 g romtemperert smør
  • 180 g sukker
  • 6 stk eggeplommer
  • 0,5 dl mjølk
  • 240 g kveitemjøl
  • 1,5 ts bakepulver
  • 1,5 ts vaniljesukker

Marengs:

  • 6 eggekviter
  • 300 g sukker
  • 100 g mandelspon

Fyll:

  • 3 dl kremfløyte
  • Vaniljekrem eller romkrem

Kakeoppskrifter

Her er ein rekkje andre kakeoppskrifter om Kvæfjordskaka ikkje fell i smak

Lurar på du kva Naturvernsforbundet har å sei?

Lurar du på noko?

Brage smiler foran murvegg.

Brage Bøe Ulstein

Sentralstyremedlem

Faggruppeleiar for hav, følgjer opp Troms

Ada smiler foran en murvegg

Ada Amilia Skjensvold

Nestleder

Jobber med hav, følger opp Vestland