Gå til innhold

Ingen fleire hyttefelt på Voss

Natur og Ungdom < Ingen fleire hyttefelt på Voss
Kategorier: Uttalelser

Natur og Ungdom samla til landsstyremøte 25.-26. mai krev at Voss herad endrar planer om bygging av fleire hyttefelt på Voss, og heller jobbar for å bli ein arealnøytral kommune. 

Ideen om den tradisjonelle enkle norske hytta stemmer ikkje lenger. Større storleik høgare forbruk og eit auka tal besøkjande gjer at hytter og fritidsbustadar er ei stor belastning på klima og natur.  

Det er ikkje riktig å ofra fleire verna skogsområde, gardar eller myrar berre for hytteutbyggjarane sin profitt.  

Hytteutbygginga førar til at klimagassutsleppa aukar på fleire måtar:  

Myr, mark og skogbotn lagrar veldig store mengder karbon. Om ein byggjer hyttefelt og vegar, øydelegg ein desse lagera og klimagassar blir sluppen fri. Andre utslepp kjem frå produksjon av byggjemateriale, sjølve byggjeprosessen og frå bilane til hyttefolket.  

Cirka 450 000 norske hytter står tomme nesten heile året. 3800 av desse hyttene er på Voss og det planleggjast å doble talet hytter i kommunen dei kommande åra. Den massive hytteutbygginga på Voss truar naturen og slepp ut klimagassutslepp. Etableringa av dei fyrste 1000 hyttene i Myrkdalen auka straumforbruket så mykje at ein måtte byggja ny høgspentlinje til dalen. Det må også byggjast ein ny veg til Bavallen grunna auka trafikk, denne vegen vil ta matjorda frå fire gardar.  

Hytteutbygginga på Voss gagnar ikkje lokalsamfunnet. Utbyggjarane argumenterer for at hytter styrkjer lokaløkonomien og får fleire besøkjande til dei velkjende skianlegga. Store delar av lokalbefolkninga på Voss er mot utbygginga, og to av tre vossingar meiner at økonomi og gode skianlegg ikkje er gode nok grunnar til å øydeleggje verdifull natur.  

Voss bør herad fylgje Bergen bystyre sitt eksempel. Dei har vedtatt at det som då var definerte som store framtidige utbyggingsområde skulle tilbakeførast for å bli område for landbruk, natur og friluftsliv.  

Natur og Ungdom samla til landsstyremøte 25.-26. mai krev at Voss herad endrar planar om bygging av fleire hyttefelt på Voss, og heller jobbar for å bli ein arealnøytral kommune.