Fareskilt med isbjørn på svalbard

Innfør eit pantesystem på Svalbard!

Natur og Ungdom, samla til sitt 61. Ordinære landsmøte på Haugetun 8.-11. januar 2026 krev at det opprettast eit pantesystem for drikkevareembalasje på Svalbard.

Svalbard står utan pantesystem for drikkevareemballasje. Det fører til unødvendig forsøpling, meir avfall og dårlegare ressursutnytting i eitt av dei mest sårbare naturområda Noreg har ansvar for. Medan resten av landet har eit velfungerande og effektivt pantesystem, blir Svalbard ståande igjen som eit unntak utan ei reell miljøfagleg grunngjeving.

Svalbard er ein av dei stadene på jorda der klimaendringane skjer raskast. Strendene der er blant dei mest forureina i verda, med store mengder plastavfall som driv i land. Når konsekvensane av klima- og miljøkrisa er så tydelege akkurat her, burde det vere eit minimum at grunnleggande miljøtiltak som pant faktisk er på plass.

I dag har Svalbard ikkje eingong eit fullverdig resirkuleringssystem. Det meste av avfallet blir sortert som brennbart og sendt med båt til fastlandet for vidare handtering. Når avfall uansett blir frakta sørover, finst det inga praktisk eller teknisk hindring for å inkludere pant i denne straumen. Det einaste som hindrar ei slik ordning, er at pantesystemet ikkje er pålagt å gjelde på Svalbard.

Mangelen på pant må òg sjåast i samanheng med energisituasjonen på Svalbard. Straumproduksjonen har i lang tid vore basert på sårbare og lite berekraftige løysingar, og energibruk og utslepp er eit gjennomgåande politisk problem. Å redusere avfallsmengda og sikre betre materialgjenvinning er eit konkret tiltak som kan bidra til lågare ressursbruk i eit samfunn der både energi og infrastruktur er under stort press.

Det norske pantesystemet har vist seg å vere eitt av dei mest effektive miljøtiltaka vi har. Over 92 prosent av alle panteflasker og boksar blir samla inn og gjenvunne gjennom ordninga. At ei slik løysing ikkje er innført på Svalbard, kan ikkje forklarast med logistikk eller lokale forhold, men må forståast som eit politisk val.

Natur og Ungdom meiner at det snarast må kome på plass eit pantesystem også på Svalbard. Når klimaendringane skjer raskast her, naturen er mest sårbar, og infrastrukturen allereie er pressa, er det uakseptabelt at Svalbard blir behandla som eit unntak frå grunnleggjande miljøansvar.

Natur og Ungdom, samla til sitt 61. Ordinære landsmøte på Haugetun 8.-11. januar 2026 krev at det opprettast eit pantesystem for drikkevareembalasje på Svalbard.