Folk som ligg på fjorden i flytedraktar, framfor eit banner med teksten: Førdefjorden er ingen avfallsplass.
Hav
Aksjoner
Sjødeponi

Natur og Ungdom demonstrerte midt på fjorden

Pressemelding frå aksjon i Vevring torsdag 22. mai.

Førdefjorden er ingen avfallsplass!

Torsdag demonstrerte Natur og Ungdom saman med representantar frå SV og Raudt midt i Førdefjorden. Anledninga var opninga til gruveselskapet Nordic Mining, og deira omstridde prosjekt på Engebøfjellet, som inneheld gruvedumping i Førdefjorden. Sjølv om produksjonen av rutil og granat er i gang på Engebø-anlegget, meinademonstrantaneat dumpingaframleis kan og må stoppast.

Sigrid i flytedrakt
Når Nordic Mining feira opninga si, er det viktig for oss å gjere det tydeleg at vi kjem aldri til å gi opp kampen for ein rein Førdefjord. Det er ei krystallklar motsetning mellom prosjektet deira og ambisjonen dei påstår at dei har om å vere ein del av det grøne skiftet. Uansett er ikkje Førdefjorden ein plass man kan dumpe driten sin. Derfor demonstrera vi og derfor har vi saksøkt staten for de ulovlege løyva som er gitt Nordic Mining. Vi gjer det for fisken, folket og framtida!
Sigrid Hoddevik Losnegård, leiar i Natur og Ungdom

Med seg på aksjonen hadde Natur og Ungdom også representantar frå partisom kjemper mot gruvedumpinga på stortinget, deriblant Hege Lothe frå Sosialistisk Venstreparti, Frøya Sjursætherfrå MDG og Sofie Marhaug frå Raudt.

Sofie Marhaug i flytedrakt
Vi i Rødt er saman med Natur og Ungdom i deira krav, Førdefjorden er ikkje nokon plass man kan kaste bosset sitt. Dette er heimen til trua arter og det er en del av heile livsgrunnlaget vårt. Derfor står vi saman med miljørørsla og held fram med å jobbe for reine og levande norske fjordar. Det er en essensiell del av vår jobb som politikarar og som parti.
Sofie Marhaug

Sosialistisk Venstreparti har sjølv fremma forslag i stortinget for å stoppe gruvedumpinga medan fjordsøksmålet til Natur og Ungdom og Naturvernforbundet held fram. Sjølv om dette ble stemt ned i stortinget, legger Lothe trykk på den folkelege motstanden mot gruvedumpinga.

Hege i flytedrakt
Sju av ti nordmenn er mot gruvedumping i norske fjordar. Folket er på Førdefjorden si side, og det er vi også. Førdefjorden er en nasjonal laksefjord med et lakseførande vassdrag. Det er en fjord som har gitt oss mat, ein plass å bu og næringsgrunnlag i hundrevis av år. Skal et selskap få lov til å dumpe avfallet sitt der, midt i våre felles ressursar? Vi i SV seier heilt klart nei, og er klare for å kjempe kampen for ein rein Førdefjord og reine fjordar i hele Norge.
Hege Lothe, førstekandidat for SV i Sogn og Fjordane

Sigrid i flytedrakt
Sofie i flytedrakt.
Hege Lothe i flytedrakt