
Stå opp for naturen - sommaraksjon
Stå opp for naturen, vis at den er verdt å ta vare på!
Resultatet av Stortingsvalet i haust blir avgjerande for naturen. Skal vi fortsetje i same grå retning som før, med stadig meir nedbygging og øydeleggjing av natur, eller skal vi stemme fram politikarar som vil rydde opp, verne og ta vare på?
Om du håpar på det siste utfallet, må du vere med å påverke veljarar til å stemme på dei naturvennlege partia: Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet dei grøne, Raudt og Venstre (desse partia kjem best ut av Naturvernforbundet sin patiguide. Les guiden her: https://naturvernforbundet.no/fire-gronne-partier-pa-topp/)
Sei klart ifrå om at naturen, den må vi ta vare på!
Det kan du gjere slik:
Banneraksjon
Har du eit naturområde der du bur som står i fare for å bli øydelagt? Eller ein plass du synest er veldig fin, og håpar alltid kjem til å vere der?
Samle lokallaget, eller ein annan gjeng, og mal eit banner.
Mal eit kreativt, men tydeleg bodskap på banneret. Det kan stå:
"Stå opp for naturen"
"Ta vare på [området du vil ta vare på]!"
"Gi naturen ei stemme"
"Stem for [området du vil ta vare på]!"
Heng opp banneret i naturområdet, eller langs vegen, på kjøpesenteret, eller ein annan plass der folk kan sjå det. Ta eit bilde og legg ut på instagram!
Og ta kontakt med lokalavisa for å fortelje om aksjonen. Nedst på denne sida har vi samla litt pressetips og maler til denne aksjonen:)

Bildeaksjon
Vi må vise at naturen er verdt å ta vare på!
Ta eit bilde av eit naturområde du er glad i, og legg det ut på sosiale medier. I bildeteksten kan du skrive litt om kvifor dette naturområdet er viktig. Om du vil at fleire skal sjå naturen du er glad i, kan du invitere @naturogungdom som samarbeidspartnar på innlegget.
Tips: Denne aksjonen er fort gjort, og krev lite førebuing. Skal du på ferie i Noreg i sommar? Har du ein fin veg til jobb eller skule? Ta bilde!
Rekvisittar på bildet:
Vekkarklokke
Det er på tide å stå opp, og skjønne at vi må ta naturen på alvor. Som symbol på det, kan du gjerne ha ein vekkarklokke på bildet ditt.
Bilderamme
Eit bilde er for evig, og det vil vi gjerne at naturen skal vere og. Ta bilde av naturen gjennom ei ramme, for å vise at slik vil du at den alltid skal sjå ut!
Tekst
Bruk "Stå opp"-logoen i bildet ditt! Send oss bildet, så kan vi redigere det for deg:)
Vil du ha ein av desse rekvisittane på bildet ditt? Ta kontakt med oss da, så kan vi hjelpe deg å få tak i ein!

Pressearbeid til aksjonen
Stå opp!
Denne aksjonen er ein del av Stå opp-kampanjen.
Fram mot valet skal vi vekke veljarar og politikarar. Dei må stå opp, og handle for naturen og for klimaet!
30. august mobiliserer mange miljøorganisasjonar til store markeringer over heile landet. Denne dagen vil vi samle så mange menneske som mogleg, for å krevje at politikarane tar vår tids største utfordring på alvor, og står saman med oss i kampen mot natur- og klimakrisa.
Bli med!
Kontakt
Vi følger opp stå opp for naturen-aksjonen:) Ta kontakt med oss om du vil ha hjelp med pressearbeid, få tilsendt "Stå opp"-logoen, eller om vi kan få lov å vere med på aksjonen din.✻


