Gå til innhold

Natur og Ungsom seier nei til Nord-Noregbana

Natur og Ungdom < Natur og Ungsom seier nei til Nord-Noregbana
Kategorier: Uttalelser

Natur og Ungdom samla til landsstyremøte 17.-18. februar 2024, krev at ei Nord-Noregbane mellom Fauske og Tromsø ikkje byggjast, i all den tid den totale klimaeffekten er tydeleg skadeleg, og øydeleggingane for naturen og for samisk kulturutøving er fatale.

Den 27. september 2023 leverte Jernbanedirektoratet konseptvalutgreiinga si av Nord-Noregbana. Funna i rapporten, som Natur og Ungdom har bede om både i 2015 og 2022, gjev dystre signal for natur- og klimapåverknaden frå ei mogleg utbygging. Prosjektet vil få ein høg prislapp, høge utslepp, og kan ha dramatiske konsekvensar for naturen og reindrifta. Sjølv med svakheiter i anslaga til Jernbanedirektoratet, er det langt svakare haldepunkt for at ei alternativ utgreiing vil kunne snu om på heilskapsinntrykket: prosjektet er ikkje miljøpolitisk forsvarleg.  

KVUen finn at utbygging og drift av ein Nord-Noregbane frå Fauske til Tromsø, med arm til Harstad, vil forårsake totale utslepp på 7,75 millionar CO2-ekvivalentar. Det tilsvara 90% av utsleppa frå vegtrafikken i Noreg 2022. Prosjektet vil heller aldri kunne betale inn desse utsleppa i sparte klimagassar. Sjølv i år 2100, femti år etter verda skal ha nådd netto null utslepp, vil attendebetalinga ikkje utgjere meir enn ein tredjedel av utsleppa prosjektet skapar, i fylgje rapporten.  

I tillegg kjem naturen og reindrifta til å måtte betale dyrt for utbygginga. Funna viser at mengda tunnelar langs traséen vil krevja utvinning av overskotsmassar på storleik med 13½ Kheops-pyramide. Mykje av desse vil måtte deponerast, som vil skape store miljøproblem. I tillegg vil bana råke store reindriftsområde, som vi i ei rekkje saker dei siste åra har sett skape opprivande konfliktar og kan trasse samane sin sjølvråderett og kulturutøving. Unngår ein tunnelboring ved å leggja banen mest mogleg i dagen, kan kostnaden for reindrifta bli desto verre.  

Tre veker etter at Jernbanedirektoratet lanserte rapporten sin, kom Norsk Bane AS den 10. oktober med ei fagleg vurdering av KVU Nord-Noregbana. Dei konkluderer med at KVU-en har “svært mange faglige svakheter og alvorlige mangler”, blant anna når det gjeld utrekninga av klimagassutslepp. Sjølv viss innvendingane frå evalueringa kan ha noko for seg, til dømes om rapporten sine sprikande forklaringar om kvar bana kan og ikkje kan gå eller om underdrivne passasjertal, skal det svært mykje til for at bane med ei ny utgreiing kan bli anten samfunnsøkonomisk lønsam, klimavenleg eller ha monaleg betre konsekvensar for natur og reindrift.  

Landsdelen har likevel behov for betre og grønare transport av folk og gods, og dette omsynet må stå framfor planar om motorvegutbygging. Å la vere å byggje Nord-Noregbana kan ikkje vere ei nedprioritering av folk i nord. Landsdelen har alt å vinne på styrka satsingar på grøn skipsfart, utsleppsfri tungtransport, elektrifisering av kortbanenettet, og utvikling av hydrogen som drivstoff. Staten må leggja fleire middel på bordet for å styrke kollektivtrafikken i nord, samtidig som han kjem med alle naudsynte avgrensingar for å redusere transportbehovet.  

Natur og Ungdom samla til landsstyremøte 17.-18. Februar 2024 krev difor at ein Nord-Noregbane mellom Fauske og Tromsø ikkje byggjast, i all den tid den totale klimaeffekten er tydeleg skadeleg, og øydeleggingane for naturen og for samisk kulturutøving er fatale.