Hammarslag for framtida 2026

Handverkssommarleir
Vil du lære om tradisjonelle handverksteknikkar, og vere med å redde og restaurere eit kulturhistorisk bygg?
Bli med på Hammarslag for framtida i sommar!
Her får du prøve deg på ulike teknikkar, og lære korleis bygningsvern heng saman med naturvern.
2.-5. august skal vi vere på Søre Tveita på Stord. På dette gardstunet er det hus som treng at noko blir gjort.
Vi skal få kurs i tørrmuring, og skal gjennom kurset mure opp ei ny trapp til inngangspartiet på hovudhuset.
Vi skal også restaurere fleire av vindauga på huset.
Om kurset
På starten av arrangementet blir deltakarane delt i arbeidslag på 4-5 personar.
Desse gruppene skal arbeide saman i løpet av arrangementet.
Kvar dag er delt i to arbeidsøkter, ei på formiddagen, og ei på ettermiddagen. Kvar økt blir rettleia av ein handverksinstruktør. Gruppene rullerer, så alle før prøve seg på dei ulike tinga.
Hammarslag for framtida er sjølvsagt ikkje berre arbeid!
Vi skal også på tur i nærområdet med Naturvernforbundet, få besøk frå prosjektet Lys i gamle hus, og besøke friluftsmuseet Sunnhordlandstunet.
Etter arbeidsøktene er det fritid, der vi enten har sosialt opplegg, eller er fri til å slappe av og gjere det vi vil.
Vi lagar og et frukost, lunsj, middag og kveldsmat saman alle dagar. Dette er sjølvsagt inkludert i deltakaravgifta! (200kr)
Praktisk informasjon
Påmelding



