Tekst på grøn bakgrunn: Hammarslag for framtida.

Hammarslag for framtida

Visste du at det står over 200.000 tomme hus i Noreg? Samstundes bygger vi ned naturen, bit for bit, for å få plass til fleire. Nye hus er ikkje bygga for å vare evig, men det er dei gamle. Veit du korleis du skal vedlikehalde eller sette i stand eit gammalt bygg?

Om prosjektet

Vi bygger ned alt for mykje natur i Noreg.

Sidan 2015 har 540km² blitt omdisponert til bustadområde, hytter og næringsbygg. Samstundes står det nær 200.000 bygg over heile landet, som ingen brukar til noko.

Natur og Ungdom meiner at det er fornuftig å setje i stand mange av desse husa, og ta dei i bruk i staden for å heile tida bygge nytt.

Sånn kan vi spare mange naturinngrep, og vi kan redusere klimagassutslepp som kjem med nybygg.

Med prosjektet Hammarslag for framtida prøver vi å løyse fleire problem:

  • Få unge inn på bustadmarknaden. Det er DYRT å kjøpe seg ein plass å bu i dag. Ved å gjere fråflytta hus tilgjengelege for unge, kan det bli enklare å finne ein plass å bu. Eit gammalt og nedslite hus er billegare enn eit i topp stand. Vi vil gi unge mot og lyst til å hive seg ut i eit restaureringsprosjekt.

  • Bremse naturtapet. Ved å bruke bygg som allereie finst, sparer vi store naturinngrep.

  • Dele kunnskap mellom generasjonar. For kva gjer du om det trekk i vindaugskarmen, om det er rote i veggen, eller hol i taket? Mange vaksne klagar over at unge ikkje kan noko lenger. Kan det vere fordi dei har gløymd å lære oss det? Vi har lågterskel kurs med flinke instruktørar! Her er ingen spørsmål dumme, og målet er at du skal ha litt større tru på at du får til noko sjølv etterpå.

Hammarslag for framtida 2026

2.-5. august er det kurs på Stord. Der skal vi få kurs i tørrmuring, vindaugsrestaurering, og meir. Vi skal dra på tur, bade og ha det kjekt! Påmeldinga opnar 15. mai, det er 25 plassar.

Hammarslag for framtida i Rollag

I 2024 gjenomførte vi prosjektet for første gong, saman med Lys i gamle hus og Fortidsminneforeininga sitt lokallag for Konsberg og Numedal.

To ungdommar som demonterer ein kjøkenbenk
bråtebrann
ei gruppe ungdommar som legg golv

Dugnadsformidling

Har du eit restaureringsprosjekt, og ser etter engasjerte unge som kan ta i eit tak?

Da kan vi byte!
Med prosjektet Hammarslag for framtida vil vi setje unge som vil lære meir om handverk og istandsetting i kontakt med folk som er i gang med eit prosjekt.

For å kunne setje deg i kontakt med ivrig dugnadsungdom, treng vi denne informasjonen frå deg:

  • Kva treng du hjelp med?
  • Når treng du hjelp? (Kan vere kortare eller lengre periode, som ei helg i mai, eller kvar onsdag i august)
  • Kven passar denne oppgåva for? (Bør dei ha liknande erfaring, eller held det med engasjement? Kor mange kan du ta imot?)
  • Kva kan du tilby? Vi forventar at du stiller med gratis overnatting og måltid under opphaldet. Natur og Ungdom betaler reisekostnadar.

Så legg vi ut informasjon om prosjektet ditt her på nettsida og på instagram.

Dei som er interesserte tar kontakt, skriv litt om seg sjølv, tidelegare erfaring og motivasjon. Så sett vi dei som er aktuelle i kontakt med deg.

Natur og Ungdom er ein organisasjon for unge mellom 13-25 år. Dei som deltar skal vere i denne aldersgruppa, og betalande medlemmar i Natur og Ungdom.

Dei unge som har vore involvert i vårt prosjekt tidligare har hatt eit breitt erfaringsspenn. Nokre har vore lærlingar eller elevar i handverksfag, andre har lært seg mykje på eiga hand, og somme har hatt sitt første møte med praktisk handverk gjennom Hammarslag for framtida.

Det er altså mange forskjellige folk som kan melde seg til ditt prosjekt. Vi gjer det vi kan for å finne ein god match!

Har du eit prosjekt, og treng eit par ekstra hender?

Ta kontakt!

Hammarslag for framtida på Eidsvoll

I 2025 hadde vi kurs for andre gong, saman med Eidsvoll museum.

Tre ungdommar som skrapar kitt av eit sprossevindauge.
Ein person deler opp ein brenneneslestilk.

Sosiale media

Meir informasjon om Hammarslag for framtida blir snart publisert på denne sida, og på instagram. Følg med! Og ta kontakt om du lurer på noko:)

Kontaktpersoner:

Ta kontakt med oss om du lurer på noko om prosjektet eller gjennomføringa av Hammarslag for framtida!

Agnes smiler foran en murvegg

Agnes Mathilde Granli Lægreid

Sentralstyremedlem