Gå til innhold
Klima og miljøministeren snakker på Natur og Ungdoms landsmøte

Vestlands nye villreinsplage må skrinleggjast

Natur og Ungdom < Vestlands nye villreinsplage må skrinleggjast
Kategorier: Uttalelser

Eidfjord resort er eit skianlegg og fjellandsby som skal byggjast i Sysendalen i Eidfjord kommune, ved foten av Hardangervidda. Skianlegget byggjast i eit levande villreinbeite til ein av dei store villreinsflokkane på vidda. Villrein er ein sårbar art som er ført opp på raudlista og som vil ta skadar av dette prosjektet. Difor kan det ikkje blir gjennomført.

Villreinen blei sett på raudlista i 2021. Det er ein svært sky art som held seg unna folk og menneskeleg aktivitet. Hardangervidda har dei siste tiåra blitt bygget ned med hyttar, vegar og lyssetting. Etter utbygginga av motorvegar har vegtrafikken auka betrakteleg. Dette førar ikkje berre til større utslepp frå motortrafikk, men har også innskrenka beitet til villreinen. Reinen har ulike beiter frå årstid til årstid og etter vegutbygging har desse områda allereie blitt innskrenka slik at reinen ikkje får beite på sine naturlege områdar. Denne aktiviteten har altså gjort at helsa til reinen allereie står svært dårleg til. 

Utbyggjarane seier sjølv at villreinen ikkje lev på dette området, dette er tvert ikkje sant, då det stadig blir observert villrein av lokalsamfunnet i akkurat det området som dei vil byggje. Likevel uttalar dei at dei vil stanse skiheisane i kalvingsperioden til villreinen. Dette er eit heller naivt forslag. Villreinen vil vere skremd bort allereie i byggjeprosessen til anlegget og med konsekvent aktivitet i området, vil det krevje ein lengre roleg periode for at reinen skal trekkje tilbake til beitet sitt. Det vil i praksis ikkje seie noko frå eller til om trekket stengjast i ein liten periode medan kalvinga skjer. 

I tillegg til at skianlegget vil byggjast i eit viktig villreinsbeite, er det også eit stort område med myr og torv. Myr er den naturtypen som best lagrar karbondioksid. Karbonlagre blir diskutert og vedtatt byggja i Noreg, men samanlikna med dei naturlege karbonlagera – øvst på lista myra – stiller dette svakt som alternativ. Den beste løysinga for allereie utsleppa klimagassar er dei naturlege karbonlagera. 

Det er allereie fleire store skianlegg i nærleiken til Eidfjord og eit skianlegg like i nærleiken av det planlagde skisenteret – Sysendalen Skisenter. På Voss finnast to skisenter: Voss Resort og Myrkdalen Fjellandsby og i Røldal finnast Røldal Skisenter. Når alle tre skisenterane ligger mellom 1 og 3 timar frå Eidfjord verkar det som at prosjektet er utan naudsynheit. FNs naturpanel skriv i ein rapport at den største trugselen mot tap av biologisk mangfald er nedbygging av areal kor artar lev. Eidfjord Resort ignorerer dette totalt når dei byggjer ned sårbar natur, i kanten av fastlands-Norges største nasjonalpark. 

Natur og Ungdom, samla til Landsmøte 5.-8. januar 2023 på Haugetun Folkehøgskule i Fredrikstad, krevjar at Eidfjord Resort skrinleggjast for godt. Eidfjord Resort vil føra til nedbygging av sårbar natur og truge villreinbestanden. Midt i ei naturkrise er det svært motstridande å fullføra eit slikt prosjekt.